Kurs i Nosework, 

26. og 27. oktober -24

Velkomen til Nosework kurs med instruktør Berit Smaaland.

Berit er godkjent instruktør og dommar i Nosework.  Ho er i tillegg godt utdanna innan hund, og trenar og konkurrerer innan fleire hundesporter.


Kortid: 26. og 27. oktober 2024 med teorikurs for nybegynnarar fredag 25. oktober.

Teorikurs: kl. 18.00-20.00 

Lørdag 10.00 - 16.00

Søndag 09.00-15.00

Lørdag og Søndag skal vi være i Sunnfjord Hundeklubb sine lokale på Sunde, Sunde 23, 6819 Førde.

Lokale for teorikurset kjem så snart vi har avklart kvar det blir :D 

Pris: 

Kursavgift - kr 2 500,00

Kursavgift medlem SFHK - kr 2 000,00 (kontingent må være betalt for inneværande år, medlemsnummeret i NKK må noterast i påmeldinga) 
Prisen som er oppgitt er for ein person pr. hund. Ønskjer du å ha med andre må du også melde vedkomande på kurset.

500,- for observatørar (begrensa tal plassar)

Kva er Nosework?

"Nosework- søkssporten for alle

Nosework passer for alle hunder og eiere. Vi har sett eksempler på alt fra valper, rastløse unghunder, jakthunder til pensjonerte trekkhunder få glede av denne aktiviteten. Om hunden har fysiske utfordinger kan nosework være et godt valg, hunder med nedsatt syn og hørsel eller krav om ro kan fremdeles drive med nosework. Hunder med atferdsutfordringer, behov for å bygge litt selvtillit eller utløp for energi kan også få godt utbytte av aktiviteten." (https://www.nosework.no/<br>)

Ein hund og ein førar dannar eit team. Hunden må finne ei skult mållukt, ofte ignorere distraksjonar, og varsle føraren. Etter at hunden har funne mållukta vert den belønna med mat (godbitar) eller leike.

Under konkurranse skal hunden søke på fire ulike områder:

  • Søk i emballasje (øskjer, koffertar, boksar, vesker o.l)
  • Søk i rom innandørs
  • Søk i anvist område utandørs
  • Søk på utsida av ein eller fleire kjøyretøy (alt frå personbil til trailer)
Det er 3 klassar, avhengig av hunden sitt utdanningsnivå.


På dette kurset vil det bli arrangert ei gruppe for nybegynnarar og ei for vidarekomne.  Ein treng ingen forkunnskapar til nybegynnarkurset. 

Noter i påmeldinga om du melder på som nybegynnar eller som vidarekomen. 

Fredag 25.10.24 vert det teorikurs for nybegynnarane. 

Det er plass til 8 team på dette kurset. 


Trykk på knappen for bindande påmelding via LetsReg:



Velkomen til kurs.