Nosework grunnkurs 21.-23. februar 2025
Sunnfjord hundeklubb inviterer til grunnkurs i Nosework kurs med Berit Smaaland.
Stad:
Teori i Bjørkelia, Jølster. Praksis laurdag og søndag i Sunnfjord Hundeklubb sine lokale på Sunde, Sunde 23, 6819 Førde.
Tid:
Fredag kl. 18.00-20.00 - teori utan hund
Laurdag kl. 10.00 - 16.00 - praksis med hund
Søndag kl. 09.00-15.00 - praksis med hund
Pris:
Kursavgift - kr 2 500,00
Kursavgift medlem SFHK - kr 2 000,00 (kontingent må være betalt for inneværande år, medlemsnummeret i NKK må noterast i påmeldinga)
Prisen som er oppgitt er for ein person pr. hund. Ønskjer du å ha med andre må du også melde vedkomande på kurset.
500,- for observatørar (begrensa tal plassar)
Det er plass til 8 team på dette kurset.
Påmeldingsfrist: 14.02.202
Om instruktøren:
Berit er godkjent instruktør og dommar i Nosework. Ho er i tillegg godt utdanna innan hund, og trenar og konkurrerer innan fleire hundesporter.
Trykk på knappen for bindande påmelding via LetsReg:
Les meir om Nosework på Nosework Norge (ekstern lenke)
Kva er Nosework?
"Nosework- søkssporten for alle
Nosework passer for alle hunder og eiere. Vi har sett eksempler på alt fra valper, rastløse unghunder, jakthunder til pensjonerte trekkhunder få glede av denne aktiviteten. Om hunden har fysiske utfordinger kan nosework være et godt valg, hunder med nedsatt syn og hørsel eller krav om ro kan fremdeles drive med nosework. Hunder med atferdsutfordringer, behov for å bygge litt selvtillit eller utløp for energi kan også få godt utbytte av aktiviteten." (https://www.nosework.no/<br>)
Ein hund og ein førar dannar eit team. Hunden må finne ei skult mållukt, ofte ignorere distraksjonar, og varsle føraren. Etter at hunden har funne mållukta vert den belønna med mat (godbitar) eller leike.
Under konkurranse skal hunden søke på fire ulike områder:
- Søk i emballasje (øskjer, koffertar, boksar, vesker o.l)
- Søk i rom innandørs
- Søk i anvist område utandørs
- Søk på utsida av ein eller fleire kjøyretøy (alt frå personbil til trailer)
Det er 3 klassar, avhengig av hunden sitt utdanningsnivå.
LGT test blir mogleg begge dagar
Pris pr. deltakar kr 150,- pr test, LGT Bjørk, LGT Anis og LGT Nellik er mogleg begge dagar. Ein må bestå Bjørk før ein kan ta Anis og Nellik. Påmeldinga her gjeld første testen, om ein består er det mogleg å ta dei neste og betale via vipps.
Laurdag ca kl. 16.00
Søndag ca kl. 15.00
Det er plass til 15 ekvipasjar pr. dag på desse prøvane. Påmelding kjem seinare.