
Kvalpekurs
Gratulerer med kvalp! Bli med på kvalpekurs
Stad: Kurset vert arrangert i vårt kurslokale på Sunde i Førde, i den gamle fjøsen til høgre for Sunde hundepark. Adresse: Sunde 23, 6819 Førde
Tid: kl. 18.00 - 20.00
Kurset går over 6 veker på følgande datoar: 06.10, 13.10, 20.10, 27.10, 3.11 og 10.11
Instruktørar: Reidun og Astri
Kven kan bli med: Kvalpar frå 12 veker og opp til 6 mnd ved kursstart. (hunden må være vaksinert)
Pris:
Kursavgift - kr 2 500,00
Kursavgift medlem SFHK - kr 2 000,00 (kontingent må være betalt for inneværande år)
Prisen som er oppgitt er for ein person pr. hund.
Ønskjer du å ha med andre må du også melde vedkomande på kurset. Det er kr. 300 for ein ledsagar og deretter kr. 200 pr. ledsagar. Ønskjer du å ta med ledsagar, må du kontakte Reidun på e-post: reidun@sfhk.no eller på mobil: 92854894
Påmeldingsfrist: 30.09.2025
Innhald i kurset
Vi underviser etter positive og belønningsbaserte metodar. På den måten bidrar vi til å skape en god relasjon mellom kvalp og eigar basert på gjensidig tillit og glede.
Viktige grunnferdigheiter:
- Være roleg
- Sitt og ligg
- Innkalling
- Passering
- Gå pent i band
- Handtering
- Aktivisering
- Styrke og balanse for motorikk og koordinering
Trykk på knappen for påmelding via Letsreg:
