Kvalpekurs helg - Juni 2023 på Sunde, Førde

Gratulerer med kvalp!

Vi er glade for at du har lyst til å gå på kurs med ditt nye familiemedlem. Våre instruktørar har god erfaring med kvalpekurs og er klare for å gje både deg og kvalpen din ein positiv og god start.

På dette kvalpekurset er det plass til 12 kvalper fordelt på to instruktørar, men sjølvsagt kan heile den tobeinte familien være med. Vi har god erfaring med små gruppar på kurs, då dette gjer godt med tid til den enkelte deltakar.

Vi undervisar både i små gruppar og ein til ein. På denne måten vil hunden både lære naudsynte og nyttige øvingar, og den vil få viktig sosialisering og miljøttening med på kjøpet.

Alle hundeeigarar ønsker vel at hunden skal bli lydig, og då er det viktig å kome i gang med treninga tidleg. Når kvalpen er 12 veker gamal og ferdig vaksinert kan den bli med på kurs.

Vi underviser etter positive og belønningsbaserte metodar. På den måten bidreg vi til å skape ein god relasjon mellom kvalp og eigar basert på gjensidig tillit og glede.

Innhald i kurset:

  • Viktige grunnferdigheitar
  • Være roleg
  • Sitt og ligg
  • Innkalling
  • Passering
  • Gå pent i band
  • Handtering
  • Aktivisering
  • Styrke og balanse for motorikk og koordinering

    Dette kurset vert arrangert over to helgar, laurdag 3. og søndag 4. juni, og laurdag 10. og søndag 11. juni.

    Alle dagar frå kl. 10.00 - 16.00

    Kurset vert arrangert i vårt kurslokale på Sunde i Førde, i den gamle fjøsen til høgre for Sunde hundepark.

    Instruktørar: Frank Lien og Bjørn H. Marthinussen

    Kursavgift - kr 2 000,00
    Kursavgift medlem SFHK - kr 1 800,00

    Prisen som er oppgitt er for ein person pr. hund. Ønskjer du å ha med andre må du også melde vedkomande på kurset. Det er kr. 300 for ein ledsagar og deretter kr. 200 pr. ledsagar. Ønskjer du å ta med ledsagar, må du kontakte Frank på epost: franklien2@hotmail.com


    Du aksepterer våre betingelser ved å melde deg på dette kurset. Lov om angrerett er gjeldande .