Tilbakemeldingar, ros, ris og gode idéar frå deg 

Styret ønskjer ein klubb der alle kjenner seg sett, høyrde og inkluderte – både tobeinte og firbeinte. Difor er det viktig for oss å få vite kva du tenkjer om Sunnfjord hundeklubb. Her er det rom for både ros og ris, frå korte kommentarar til større refleksjonar om kva som kan gjerast annleis eller betre.

Har du forslag til nye aktivitetar, kurs eller tiltak du meiner klubben burde tilby, set vi ekstra stor pris på å få høyre det. Gode idéar frå medlemane er ofte det som gjer klubben meir levande, inkluderande og relevant for fleire.

For at det skal vere trygt og enkelt å seie frå, har vi laga eit anonymt skjema. Ingen av svara kan sporast tilbake til deg, og alle innspel blir lese med opne sinn og eit ekte ønske om å utvikle klubben vidare – i lag med dykk som er ein del av Sunnfjord hundeklubb.