
Torsdagstreningane
Vi held fram med treningane i Tefre Ridehall på torsdagar, dette er klubben sine medlemmar si moglegheit til å trene innandørs. Her er god plass til å drive med det du vil – anten det er Rally, Lydigheit eller andre aktivitetar du har med hunden din.
Her er litt viktig informasjon i forhold til desse treningane:
Treningstider:
- 1. april - 31. oktober: kl. 18.00 - 21.00
- 1. november - 31.mars: kl. 19.00 - 22.00
- Det vil ikkje være treningar i hallen frå 15. juni til 15. august
Praktisk informasjon:
- Inngang og utgang skjer via baksida av ridehallen
- Parkering er på langsida mot vegen
- Plukk opp etter hunden din, du kan hive hundeskit i trillebåra som står i hallen men då utan pose, brukar du pose MÅ du ta den med deg og hive i boss.
- Siste person som forlater hallen må skru av lyset.
