Trening i Sunnfjord Hundeklubb
Torsdagstreningane
Torsdagane i Tefre Ridehall er sett av til innandørstrening for klubbens medlemmar. Her er det god plass og rolege omgjevnader til å trene akkurat det som passar – anten det er Rally, Lydigheit eller andre kjekke aktivitetar saman med hunden.
Under finn ein viktig informasjon om korleis treningane er organiserte.
Treningstider:
- 1. april - 31. oktober: kl. 18.00 - 21.00
- 1. november - 31.mars: kl. 19.00 - 22.00
- Det vil ikkje være treningar i hallen frå 15. juni til 15. august
Praktisk informasjon:
- Inngang og utgang skjer via baksida av ridehallen
- Parkering er på langsida mot vegen
- Plukk opp etter hunden din, du kan hive hundeskit i trillebåra som står i hallen men då utan pose, brukar du pose MÅ du ta den med deg og hive i boss
- Treningsavgift er 500,- pr halvår, dropin 50,- pr gang. Betaling skjer på VIPPS til #108450, vel kategori: Treningsavg. Tefre Ridegard – ta gjerne skjermbilde av kvitteringa slik at ho ligg lett tilgjengeleg på mobilen.
