Valnemnd – status etter årsmøtet 2026
Ved årsmøtet i 2026 stod klubben utan komplett valnemnd. Ingen hadde meldt seg frivillig i forkant, og dermed vart det ikkje funne kandidatar innan møtet starta. For å sikre gode og ryddige valprosessar framover, vedtok årsmøtet at styret får fullmakt til å finne og oppnemne medlemmar til valnemnda.
No er vi på jakt etter engasjerte sjeler som har lyst til å bidra til eit viktig og meningsfylt arbeid i klubben. Å sitje i valnemnda er ei flott moglegheit til å påverke utviklinga av Sunnfjord hundeklubb – og til å vere med på å forme framtidas styre og klubbmiljø.
Har du lyst å vere med på laget?
Dersom du ønskjer å melde deg frivillig, eller berre vil vite litt meir om kva vervet inneber, kan du sende ein e‑post til:
Vi set stor pris på alle som vil bidra til at klubben held fram med å vere ein trygg, inkluderande og framtidsretta møteplass for både to- og firbeinte.
