Vi endrar treningar i Nosework, Rallylydigheit og LP

Vi lagar felles treningar for alle betalande medlemmar i Sunnfjord Hundeklubb.
Rallylydighet og LP eller det du måtte ha lyst å trene på
Desse treningane vert kvar tirsdag frå klokka 1800 – ca 2000.
Her hjelper alle kvarandre, så her er det berre å spørje om du er usikker på noko.
Det vil være mange som trenar på forskjellige nivå frå nybegynnar til høgste klassen i Rally og LP – så her er det mykje kunnskap i gruppa. Treningane vil være i Hafstadparken.
Vi startar opp tirsdag 19. august 2025
Nosework deler vi opp i to grupper - nybegynnar og vidarekomen.
På onsdagar frå kl. 18.00 – ca 20.00 så er det moglegheit til å være med på Nosework for dei som vil det. Vi kjem til å køyre gruppene anna kvar gong no framover i ein prøveperiode. Datoane for treningane blir annonserte på klubben si medlemsside i første omgang fram til jul. Det blir nærare info om kor ein skal vere frå gong til gong.
Nybegynnar: 20.08, 03.09, 17.09, 01.10, 15.10, 29.10, 12.11, 26.11, 10.12
Vidarekomen: 27.08, 10.09, 24.09, 08.10, 22.10, 05.11, 19.11, 03.12, 17.12
Vi startar opp onsdag 20. august 2025 i Hafstadparken
Vidarekomne starter opp onsdag 27. august 2025 ved Trucknor og Eik Traktorsenter
Torsdagstreningane
Vi held fram med treningane i Tefre Ridehall på torsdagar, dette er klubben sine medlemmar si moglegheit til å trene innandørs. Her er god plass til å drive med det du vil – anten det er Rally, Lydigheit eller andre aktivitetar du har med hunden din.
Her er litt viktig informasjon i forhold til desse treningane:
Treningstider:
- 1. april - 31. oktober: kl. 18.00 - 21.00
- 1. november - 31.mars: kl. 19.00 - 22.00
- Det vil ikkje være treningar i hallen frå 15. juni til 15. august
Praktisk informasjon:
- Inngang og utgang skjer via baksida av ridehallen
- Parkering er på langsida mot vegen
- Plukk opp etter hunden din, du kan hive hundeskit i trillebåra som står i hallen men då utan pose, brukar du pose MÅ du ta den med deg og hive i boss
- Treningsavgift er 500,- pr halvår, dropin 50,- pr gang, dette betalar du på VIPPS til #108450 og vel katetori: Treningsavg. Tefre Ridegard - ta gjerne skjermbilde av kvitteringa di så har du den på mobilen :D
Vi startar opp torsdag 21. august kl. 18.00

