Smitteverntiltak ved oppstart av hundearrangement i Sunnfjord

10.05.2020

I samband med at Sunnfjord hundeklubb no gjenopptek faste aktivitetar, og også opnar opp nye aktivitetetilbod, vert dette gjort med fokus på dei smitteverntilrådingane som helsemyndigheitene gjeve.

Medan samfunnet framleis er i smitteberedskap er vi som arrangør av offentlege hundeaktivitetar pålagde å fylgje helsemyndigheitene sine tilrådingar og retningstilner kring smittevern. Dette vert i all hovudsak gjort for å motverke so kalla «stille overføring» av Covid-19-viruset, og for at ein ved eit eventuelt smittetilfelle skal kunne forenkle arbeidet med å lokalisere smittekjelda, og å forhindre vidare spreiing av virus.

Eit av tiltaka klubben innfører i samband med dette er obligatorisk påmelding til alle faste arrangement frå og med 10. mai 2020. Dette innebærer at vi til ei kvar tid må setje eit «tak» på antal deltakarar som kan være med på aktiviteten, og halde oversikt over deltakarane ved å registrere alle påmeldte og oppmøtte.

Måndagstreninga er open for alle, anten ein er medlem i klubben eller ikkje. Vi krev likevel påmelding frå samtlige som ynskjer å delta. 

Det blir offentleggjort ei lenkje til elektronisk påmelding so snart denne er klar.Den elektroniske registreringstenesta er tilrettelagt for å melde på ein ekvipasje (ein hund og ein førar). Det er anledning til å ha med seg fleire på trening, og dette må merkast av for i påmeldinga.

Vi oppmodar alle til å komme presis til trening, og å melde ankomsten sin til aktivitetskoordinatoren som fører lister før aktiviteten byrjar. Lytt til instruktørar og koordinatorar, og ta heile tida eige ansvar for at du unngår direkte fysisk kontakt med andre, at du held god avstand frå andre ekvipasjar, og at du elles er obs på å førebyggje smitte og praktisere god hostehygiene.

Kjenner du deg sjuk, eller har influensa- eller forkjølingssymptomer, bed vi om forståing for at vi helst ser at du held deg heime.