Privat undervisning

Privatundervisning – 30 eller 60 minutt

Velkomen til di heilt eigne undervisningstime!

Ønskjer du skreddarsydd oppfølging, fullt fokus og ei treningsøkt som er laga berre for deg og hunden din? Då er privatundervisning eit glimrande val. Her får du ei økt der alt handlar om dykk – og om å skape utvikling, meistring og gode opplevingar.

🐾 Dette får du i ei PT‑time

  • 1‑til‑1 undervisning av ein erfaren instruktør

  • 100 % tilpassa trening, basert på dine mål og utfordringar

  • Direkte observasjon og konkrete tilbakemeldingar på teknikk, timing og samarbeid

  • Open og trygg dialog, der du kan stille spørsmål og få grundige svar

  • Val mellom 30 eller 60 minutt, og kvar bestilling gjeld éi økt

🐕 Kva kan instruktørane hjelpe deg med?

Våre instruktørar har brei kompetanse og kan bistå med både små og store utfordringar:

  • Lydighetstrening – alt frå innlæring av nye øvingar til finpuss av det de allereie kan

  • Spesifikke utfordringar i kvardagen – kanskje er det éin ting du slit med og treng hjelp til akkurat no?

  • Målretta problemløysing – vi jobbar saman for å finne gode, praktiske løysingar som fungerer for deg og hunden din

Ta kontakt med ein av instruktørane våre, bestill ei PT‑time, og få hjelp til akkurat det du treng – verken meir eller mindre.

💰 Pris

  • 60 min: 600 kr.
  • 30 min: 300 kr. 


Betaling skjer via VIPPS #108450 (Sunnfjord hundeklubb).