Onsdagstrening


Onsdagstrening er eit tilbod om felles trening for deg som er medlem i Sunnfjord hundeklubb. 

  • Sommarhalvåret (1.mai - 31. august) er det trening på Festplassen i Førde frå kl. 19.00 og ut kvelden

Treninga er berre ope for medlemar og dette er ikkje organisert trening, men eigentrening utan instruktør. Det er sjølvsagt greitt å spørje andre om hjelp viss du treng det. 
Dette er eit tilbod for medlemer som ynskjer å trene anten fram mot konkurransar, for moroskuld, aktivisering av hunden eller som ein utrøtteleg lidenskap. :-)
Det vil variere kor mange som er tilstades på desse treningane. Alle treningane foregår parallelt, så snakk med dei andre som er der og del inn i sonar om naudsynt.