Felles låg-terskel tur
Fellestur er eit låg-terskel tilbod som er open for alle, anten ein er medlem i Sunnfjord hundeklubb eller ikkje.
Fellesturen er sosialiserings- og miljøtrening for både to- og firbeinte. Vi har ein fast oppmøtestad og tidspunkt og går ein runde i lag, med eller utan ansvarleg frå hundeklubben. Arrangement vert publisert på Facebook-siden til klubben: https://www.facebook.com/sunnfjordhundeklubb
På turen er ein ansvarleg sjølv for sin hund. Vi har fokus på positiv adferdsbelønning, alle hundar skal gå i band, og vi plukkar sjølvsagt opp etter hunden vår. Hugs å ta med pose.
Hundane treng ikkje helse på kvarandre på turen, viss du vil at hunden skal helse på andre så hugs å spørre eigar før du slepp hunden din bort.
Vel møtt til tur!