
Måndagstur eit tilbod for alle!
Måndagstreningane endrar seg, den blir til fast måndagstur i staden. No har vi hatt måndagstreningane i nokre månadar og klubben klarar dessverre ikkje å stille med nok instruktørar for å halde oppe kvaliteten på måndagstreninga. Men vi vil ikkje avslutte tilbudet om aktivitet for dei med hund i Sunnfjord, så difor endrar vi dette tilbodet til ein Måndagstur der det vil være turvertar tilstades.
For at alle skal få ei fin oppleving på turen har vi nokre enkle reglar:
* Hunden skal være i band under heile turen
* Vis omsyn til både folk og andre hundar
* Hunden skal ikkje gå bort til andre
* Plukk opp etter hunden din
Det blir ikkje ei fast rute, så her er det lurt å følge med på arrangementet på Facebook for å vite kvar ein startar turen og kven som er turvertar.
Det blir med eit par turvertar på desse turane, desse kan variere frå gong til gong. Vi har forresten ei oppfordring til deg :D Vi treng turvertar, kan ein av dei være deg? I tilfelle ta kontakt på e-post: hei@sfhk.no
Turen blir den siste måndagen i månaden og turen blir lagt ut på Facebook med informasjon om turrute og turvertar. s
Vi håpar mange blir med :D
Velkomen på tur!