Dobbelt rallylydigheits-stemne 2024

Sunnfjord hundeklubb arrangerer dobbel rallylydighetskonkurranse 4. og 5. mai 2024. Altså to dagar med rallykonkurranse på rad!

Stad: Førde vidaregåande skule avd. Mo. 
Dato: 04. og 05. mai 2024
Dommar: Nina Tandberg. 
Klasser: Kl.1, Kl.2, Kl.3 og Elite.
Deltakaravgift: 275,-
Påmelding: Webpåmelding NKK
Påmeldingsfrist: 16.04.24 - utsatt frist: 20.04.24
Stevnet er med i NKK Nordvestlandet sitt Regionmesterskap.  

Set av helga i Sunnfjord og ver rask, det er berre plass til 60 ekvipasjar kvar dag. Konkurransen i november 2023 vart fullteikna ganske kjapt. 

Stemnet vil være innandørs i stor ridehall, ikkje oppvarma. 
Frå ridehallen på Mo er det 9 km til Førde, 9 km til Vassenden, 33 km. til Skei, 31 km. til Sande, 23 km. til Naustdal og 41 km. til Eikefjord. Alle stader finst det camping/overnattingsmoglegheiter.

Lurer du på kva rallylydigheit er så kan du lese meir på Norsk rallylydighetsklubb