Kom i gang med eigentrening

Her får du litt informasjon til korleis du kan kome i gang med eigentrening når du kjem først til trening.
Sunnfjord hundeklubb har hallen på Tefre frå 19.30 og utover kvelden på onsdagar.

Her er du velkommen anten du "berre" vil miljøtrene din bestevenn, eller om du trenar til konkurranse. Vi hjelper kvarandre og delar tips og råd.
I ridehallen er det mykje lukter og forstyrringar så det er supert å trene t.d. kontakt, innkalling, sitt, dekk, stå og bli i diverse posisjonar.
Det viktigaste vi lærer hunden vår er faktisk det å ta og å ha kontakt med oss, skape gode relasjonar gjennom leik og moro. Ta med deg ein solid haug godbitar og favoritt leika til "Fido" å kom å bli med på trening! Det er kjekt og sosialt for oss på to bein også, så ta gjerne med deg kaffitermosen og ein ekstra kopp så du kan dele.

NB! Det er viktig å ikkje gå inn i hallen før kl 19.30, då kan det være hestar under trening i hallen. Hestar vert veldig lett skremde av plutselege lydar (skyvedørane lagar mykje lyd), og det tek lang tid å trene dei trygge igjen.

Lysbrytarane til hallen er bak høgre skyvedør, innimellom dør og ytterveggen heilt innerst. Her kan det vere greitt med lommelykta på mobilen for å sjå dei første gongene du er der.
Heilt bakerst til høgre i hallen under scena bak den kvite "veggen" er lageret vårt med utstyr. Her finn du diverse til agility, samt rallylydigheit som kjegler, slalom, tunnel, hopp osv.
Utstyret er til fri disposisjon for medlemmane i SFHK. Alle må rydde etter seg sjølv.

Vis omsyn til dei andre som trenar i hallen. Om ynskjeleg ligg det nettinggjerde til å dele inn hallen i mindre områder om ein vil/treng det.

Har du spørsmål så ta kontakt med oss.