Kvalpekurs - oppstart 04.09.2024

Gratulerer med kvalp! Bli med på kvalpekurs ein onsdag i veka i 6 veker

Korti: Første kursdag 4. september 2024
Det vert samlingar 04.09, 11.09, 18.09, 25.09, 02.10, 09.10, frå kl 18.00-20.00 alle dagar.

Kven kan bli med: Kvalpar frå 12 veker og opp til 7 mnd ved kursstart. (hunden må være vaksinert)

Kor: Kurset vert arrangert i vårt kurslokale på Øyrane i Førde,  Adresse: Sunde 23, Førde

Pris:
Kursavgift - kr 2 200,00 
Kursavgift medlem SFHK - kr 1 800,00 (kontingent må være betalt for inneværande år)
Prisen som er oppgitt er for ein person pr. hund. Ønskjer du å ha med andre må du også melde vedkomande på kurset. Det er kr. 300 for ein ledsagar og deretter kr. 200 pr. ledsagar. Ønskjer du å ta med ledsagar, må du kontakte Siv Jorunn Hjellbrekke, epost: siv@sfhk.no eller tlf.: 99255775

Påmeldingsfrist: 01.09.2024 
På dette kvalpekurset er det plass til 6 kvalpar, men sjølvsagt kan heile den tobeinte familien være med. Vi undervisar både i små gruppar og ein til ein. På denne måten vil hunden både lære naudsynte og nyttige øvingar, og den vil få viktig sosialisering og miljøtrening med på kjøpet.

Vi er glade for at du har lyst til å gå på kurs med ditt nye familiemedlem. Våre instruktørar har god erfaring med kvalpekurs og er klare for å gje både deg og kvalpen din ein positiv og god start.

Vi underviser etter positive og belønningsbaserte metodar. På den måten bidrar vi til å skape en god relasjon mellom kvalp og eigar basert på gjensidig tillit og glede.

Innhald i kurset:

  • Viktige grunnferdigheitar
  • Være roleg
  • Sitt og ligg
  • Innkalling
  • Passering
  • Gå pent i band
  • Handtering
  • Aktivisering
  • Styrke og balanse for motorikk og koordinering

Trykk på knappen for bindande påmelding via Deltaker.no: