Julian har ansvaret for påmelding
Julian har ei frivilleg rolle i Sunnfjord hundeklubb som aktivitetskoordinator med eit spesialt ansvar for påmeldingslister og registrering av oppmøtte ved klubbens aktivitetar.
Under arrangementet vil Julian kunne minne deltakarane på å halde god avstand til kvarande, og å praktisere god hostehygiene. I tillegg har han alltid desinfeksjonssprit og hanskar med seg om det er nokon som ynskjer det.
Julian er 25 år og kjem opphaveleg frå Tyskland. Han har budd i Noreg sidan 2008, og vaks opp i Høyanger før han flytta til Sunnfjord. Han er oppdrettar av hunderasen Whippet, og har tidlegare vore forsikringsrådgjevar i Agria Dyreforsikring. For tida har ikkje Julian eigen hund, og det er derfor veldig stor stas for han å få møte hundane til medlemane på dei faste treningane.
Rolla til Julian er ein del av smitteverntiltaka som klubben har iverksett med alle offentlege hundeaktivitetar i regi av klubben. Dette for å møte råda frå helsemyndighetene, og hindre spreiing av Covid-19-viruset. Registrering av deltakarar, og regulering av antal deltakarar under eit arrangement, vil i tillegg hjelpe helsemyndigheitene med å spore smittekjelder ved eit utbrot.
Styret og aktivitetsgruppa er svært takksame for at Julian ville påta seg denne svært viktige rolla for oss slik at aktivitetane våre kan fortsette som normalt i trygge omstende.