Måndagstreninga avviklast

Heilt frå klubben blei stifta i 1976 har måndagstreningene vore eit gratistilbod for alle med hund i Førde og omegn. Historisk var dette for å rekruttere nye medlemar, og for å få inn nye «koster» og eit breitt aktivitetstilbod.

No slit hundeklubben med rekruttering av frivillige, og våre instruktørar blir «utbrent» og har ikkje kapasitet til å halde dei kursa vi gjerne vil halde, og som er etterspurt.

Styret har derfor beslutta at vi slutter med måndagstreningar med virkning frå mars månad. Siste måndagstrening vil være 4. mars 2024, og då vil det bli informert om dette til dei som møter opp.

Med å avvikle måndagstrenigane vil vi klare å halde fleire kurs av god kvalitet i vårt nye treningslokale som vi har leigd på Øyrane. Her vil det og bli mogleg for medlemar å trene innanfor gitte rammer. Vi kjem tilbake med meir informasjon om dette seinare.

Ut over våren vil vi arrangere korte innføringskurs i grunnferdigheitar og andre minikurs, som vil passe for hundar frå unghundklasse og oppover. Informasjon om dette kjem fortløpande. Følg med på heimesida sfhk.no og på Facebook.

Etter sommaren vil det ikkje være mogleg å trene på Tefre. Hundeklubben har sagt opp avtalen vi har hatt med onsdagstrening i ridehallen på Tefre, og det vil bli anledning til å trene der ut april, som er vanleg sesongslutt.

Styret og instruktørgruppa i Sunnfjord hundeklubb oppmodar hundefolket i kommunen til å bli medlem og til å engasjere seg i klubben for å få opp aktivitetstilbodet.
Klubben treng og fleire instruktørar. Har du lyst å bli ein del av instruktørgruppa kan du ta kontakt med styret på epost: hei@sfhk.no
Som medlem i instruktørgruppa får du tilbod om jamlege oppdateringskurs og samlingar, og moglegheit til å utvikle deg sjølv som hundeeigar og -trenar.

Festplassen i Førde

Med NKK-autoriserter trinn 1-instruktør
Trening kvar måndag frå kl. 19, men ikkje i skuleferier.