Klubben søker aktivitetskoordinatorar
Ynskjer du å leie aktvitetar, turar, grupper og arrangement i regi av hundeklubben?
Har du lyst til å vie litt av fritida di til frivillighet, og å være med på å utvikle og drive den organiserte hundeaktiviteten i Sunnfjord?
Vi treng aktivitetskoordinatorar for ulike områder innenfor klubben.
Styret vil sette saman eit team av nye aktivitetskoordinatorar med ulik bakgrunn til å leie ulike aktivitetar og treningstypar i klubben framover. Dette vert gjort for å øke hundegleda i Sunnfjord, og målet er at alle medlemar skal kunne finne ein aktivitet som passar for seg og sin(e) hund(ar).
Når samfunnet no gradvis åpnar opp igjen for felles aktivitetar med hund, ynskjer vi å utvide aktivitetstilbodet vårt til å treffe flest mogeleg. Derfor vil alle innspel til nye aktivitetar og arrangement være høgst velkomne. Aktivitetane kan avhaldast ute eller inne, og som eit enkeltarrangement eller som fast aktivitet til fastsette tider.
Det stillast ikkje krav til at ein som aktivitetskoordinator har nokon spesiell kompetanse, anna enn eit bankande hjarte for hund, for klubben og for Sunnfjord.
Vi vil fortløpande presentere aktivitetskoordinatorane og dei nye aktivitetane våre på heimesidene og på Facebook.
Kontakt aktivitetsansvarleg Kim ved spørsmål eller innspel.