Måndagstreninga kjem nærare deg

20.05.2020

Dei faste treningane på Festplassen i Førde vil, så langt det er mogeleg, bli leia av NKK-autorisert trinn-1-instruktør med støtte frå aktivitetskoordinator, også etter sommaren. Men sidan årsmøtet har beslutta at Sunnfjord hundeklubb skal organisere hundeaktivitetar for heile Sunnfjord kommune er det sett eit behov for å utvide det faste aktivitetstilbodet i klubben frå hausten av.

Derfor byrjar Sunnfjord hundeklubb med å halde faste måndagstreningar paralellt både i Førde, i Naustdal og i Jølster måndagar kl. 19:00. Vi satsar på oppstart frå og med 10. august 2020.

Vi vil fortløpande vurdere om vi også startar opp andre stader i kommunen, f.eks. på Sande, og dette kjem heilt an på kva ynskjer og behov medlemane spelar inn til aktivitetsgruppa.

Måndag er for alle

Styret minner om at alle typar hundar er velkomne på måndagstrening, anten eigar er medlem eller ikkje, men påmelding er obligatorisk før oppmøte. Vi ynskjer oss også fleire medlemar, og tek i mot nye med opne armar. Det er som medlem du får anledning til å kome med innspel, og å påvirke den retninga klubbarbeidet tek vidare.

Tysdagstrening for dei hundane som treng litt meir 

Tysdagstrening er for medlemar, og vert helden på Sanden i Naustdal tysdagar kl. 19:00 - 21:00. Hensikta med denne treninga er å sosialiere redde, sensitive eller aggressive hundar, og å blant anna trene på passering og samgange. Vi tek høgde for at hundane treng ei gradvis og forsiktig tilnærming til forstyrringar i omgjevnadane, og ei langsam eksponering for framande hundar. Ansvarleg for denne treninga er klinisk åtferdsbiolog Kim og hundetrenar Åse, støtta av aktivitetskoordinator Melissa.

Onsdag er det brukshund- og utstillingstrening

Onsdagstreningane vil foregå frå hausten 2020 på Festplassen eller i ridehallen på Tefre. Ein kan velje mellom sjølvstyrt brukshundtrening (lydigheit og rallylydigheit) eller utstillingstrening med aktivitetskoordinator Julian.

Kontaktperson for aktivitetar i Naustdal: Kim Rio, leiar kim@sfhk.no

Kontaktperson for aktivitetar i Jølster: Susanne Håheim, styremedlem susanne@sfhk.no

Kontaktperson for aktivitetar i Førde: Irene Mirkovic Sønnervik, styremedlem irene@sfhk.no