Mange kan verte stoppa ved inngangen
Sunnfjord hundeklubb si nasjonale hundeutstilling, Sunnfjordutstillinga, har knust alle rekordar i antal påmeldte hundar, men mange skuelystne kan verte stoppa ved inngangen.
Sunnfjordutstillinga er ein serie hundearrangement 10. og 11. oktober i Naustdalhallen. Les meir om arrangementet her.
Med om lag 800 påmeldte hundar har den lokale hundeklubben si landskjende utstilling ein dobla oppslutnad ifrå i tidlegare år.
- Både klubben, som frivilleg lokal aktivitetsklubb, og den nasjonale Sunnfjordutstillinga som vi arrangerar årleg, har fått betydeleg auka oppslutnad - noko vi venta etter at vi nyleg la om og auka aktivitetstilbodet for hundar og hundeeigarar, seier klubbleiar Kim Rio. - Samstundes har koronapandemien ført til at fleire arrangørar har valt å kansellere sine utstillingar på vestlandet, og utstillarane set då i staden kursen mot Sunnfjord.
Naustdalhallen er eigentleg for liten
- Allereie i fjor såg vi at vi hadde vekse ut av både Naustdalhallen og Gaularhallen. Vi hadde håpa og trudd at kommunen ville møte oss på denne utfordringa, og åpne ein av dei nye store hallane for arrangementet vårt. Men, trass pågang frå klubbstyret, og med Sunnfjord næringsutvikling si oppmoding til kommuna om å sjå kor viktige slike arrangement er for næringslivet, og ikkje minst reiselivsnæringa i kommunen, kunne dei ikkje hjelpe oss.
Sunnfjord hundeklubb anslår at omlag 1.400 menneske kjem til Sunnfjord denne helga i samband med Sunnfjordutstillinga. Men mange må nok vente utanfor medan hunden er inne til bedømming.
- Grunna plassmangel har vi måtte gjere store innskrenkingar, og utstillingskomiteen har måtte tenkje heilt nytt for å kunne gjennomføre arrangementet på ein god og trygg måte med omsyn til både tilgjengeleg plass og av smittevernhensyn, seier Rio. - Vi får diverre ikkje anledning til å sleppe inn publikum i år. Arrangementet vert også ytterlegare innskrenka ved at vi blir nødt til å kutte ut finalar i konkurransane.
Må sjå etter andre hallar
- Vi ser at det kan bli krevjande å avhalde arrangement av ein slik storleik i åra som kjem utan store nok lokale. Vi må heilt klart vurdere mogelegheita for å flytte arrangementet til ein annan stad i fylket. Vi er likevel særs stolte av å få avhalde Sunnfjordutstillinga i år óg, og vi gler oss til å treffe alle dei påmeldte.