Sunnfjordutstillinga 2023 - Tusen takk!

16.10.2023

Det har gått ei veke etter fullført Sunnfjordutstillinga 2023 på Skei. Utstillingskomiteen ønskjer saman med styret i Sunnfjord hundeklubb å rette eit stor takk til årets supre dommarpanel, utrettelege ringpersonell, ukuelege frivillige og sjølvsagt alle våre flotte utstillarar for nok ein vel gjennomført utstilling. Årets utstilling gjekk knirkefritt og vi har fått mange gode tilbakemeldingar.
Vel tusen påmeldte hundar til årets utstilling er rekord for oss, og dette var også klubbens første dobbelutstilling.

Vi retter eit stor takk til Norsk Spaniel Klub avd. Sogn og Fjordane og Norsk Retrieverklubb Sogn og Fjordane som vi har hatt eit særs smidig samarbeid med dei siste åra. Takk også til Norsk Berner Sennenhundklubb avd. Rogaland som var med oss for første gang i år.

Klubben ønskjer og å rette eit takk til Sunnfjord kommune som let oss bruke denne flotte hallen til utstillinga vår, og til næringslivet på Skei som tek så godt imot både oss og alle dei tilreisande.

Vel blåst til alle!

Neste år blir det pause i Sunnfjordutstillinga. Komiteen set i samråd med styret i klubben ein fot i bakken, og gjer oss nokre sårt tiltrengde vurderingar med tanke på kva vi har kapasitet til. Det er mykje som skal forberedast administrativt og det er heller ikkje berre enkelt å få tilstrekkeleg tal frivillige til å gjennomføre ei utstilling av denne storleiken.

Tusen takk for i år.