Måndagstreninga vert "månadstrening"!

Heilt frå klubben blei stifta i 1976 har måndagstreningene kvar måndag vore eit gratistilbod for alle med hund i Førde og omegn. Historisk var dette for å rekruttere nye medlemar, og for å få inn nye «koster» og eit breitt aktivitetstilbod.

Grunna bemanningssituasjonen vart måndagstreninga avvikla våren 2024, men vert frå august teken opp att med måndagstrening den siste måndagen kvar månad!

På denne kvelden vil det være fleire instruktørar til stades, og du kan få tips og råd om forskjellige hundeaktivitetar, frå rallylydigheit, utstilling, grunnleggande lydigheit og til blodsportrening.

Stad er som før; Festplassen i sentrum av Førde, og klokkelsett er som før frå kl. 19- 20 

Styret og instruktørgruppa i Sunnfjord hundeklubb oppmodar hundefolket i kommunen til å bli medlem og til å engasjere seg i klubben for å få opp aktivitetstilbodet. Alle frivillige lag treng ildsjelar for å halde oppe aktiviteten.

Festplassen i Førde

Med NKK-autoriserter trinn 1-instruktør
Trening siste måndag i månaden frå kl. 19 til kl. 20, men ikkje i skuleferier.