ÅRSMØTE 20.02.2024
Årsmøtedokumenta finn du her:
Årsmøtet for Sunnfjord Hundeklubb blir den 20.02.2024 kl. 1900 på Førde Gjestehus og Camping.
Forslag eller saker som medlemane vil ha til handsaming på årsmøtet må være styret i hende/poststempla seinast 4 veker før møtedato.
Innkalling til Årsmøte i Sunnfjord Hundeklubb
Styret kallar med dette inn til årsmøte i Sunnfjord Hundeklubb 20. februar 2024 kl. 19.00 på Førde Gjestehus og Camping, Peisestova. Etter årsmøtet er det tapasmiddag for alle medlemar i klubben. Har du vore med på dugnad i løpet av 2023 (utstillingen, rallykonkurransen, arbeid på klubb-brakkene), så får du påspandert maten. Hugs å melde deg på uansett om du skal betale eller får maten gratis. (Sjå eiga invitasjon)
På årsmøtet kjem og veterinær Bente Axelsson for å holde et lite foredrag om god hundehelse, korleis kan ein forebygge, og kva gjer ein når hunden ikkje har god helse.
Bente er utdanna veterinær i Tyskland, har tidlegare jobba i Mattilsynet og vore heiltidsbonde med mjølkekyr. Ho er oppteken av dyrevelferd og god dyrehelse, og er ein meget god og engasjert formidler. Vi er svært glade for at Bente vil kome og snakke om dette.
Sakliste til årsmøtet:
- Val av møteleiar, ordstyrar og referent.
- Godkjenning av innkalling og sakliste
- Val av protokollunderskrivarar og teljekorps
- Godkjenning av årsmelding for 2023
- Godkjenning av Årsrekneskapen for 2023
- Innkomne saker
- Val
Årmøtepapira blir lagt ut på heimesida i god tid før møtet, dei blir og sendt pr. e-post til alle medlemmer. Papira vil og bli tilgjengelege på årsmøtet.
Med helsing Styret i Sunnfjord Hundeklubb