Bandtvang Sunnfjord Kommune

21.08.2023

Den ordinære bandtvangen som gjeld i heile landet f.o.m. 1. april t.o.m. 20. august er slutt, men i Sunnfjord Kommune har ein utvida bandtvang fram til og med 1. november, i tillegg er det og bandtvang heile året i og i tilknytning til bustadområde og handleområde heile året i flg. §4 i Forskrift om utvida bandtvang for hund, Sunnfjord kommune, Vestland.  Sjølve forskrifta finn de på www.lovdata.no


§ 4.Føresegner om sikring av hundar

Hundar skal haldast i band, eller forsvarleg innestengd eller inngjerda:

a. i innmark og utmark der bufe beiter, frå og med 1. april til og med 1. november,
b. areal i tilknyting til Langeland ski- og fritidssenter, parkeringsplass, skistadion, rulleskibane og lysløyper: heile året
c. i og i tilknytning til bustadområde og handleområde: heile året
d. i helgane (frå og med fredag til og med søndag) når det vert preparert skiløyper, frå parkeringsplassen til Vonavatnet og til Vonavatnet, og i klokkeslettet 09:00-17:00.

Bandtvang gjeld ikkje for dei unntaka som er gitt i hundelova § 9.