Vi treng deg i valkomiteen!

19.09.2023

På årsmøtet som var i februar vart det fatta vedtak om at styret skulle finne nye medlemar i valkomiteen. Utan valkomité er det vanskeleg å få inn nye folk til styret. Styret skal ikkje sjølv finne styremedlemar, det er det valkomiteen som skal gjere. 
Sunnfjord hundeklubb skal være ein aktiv og attraktiv klubb for alle med hund i Sunnfjord, og skal arrangere forskjellige aktivitetar for alle klubben sine medlemar.
Medlem i valkomiteen skal gjennom sitt verv være med på å finne engasjerte personar til å styre klubben så den fortsatt kan være ein god klubb for deg og resten av medlemsmassen.  Vil du være med i denne komiteen?

Ta kontakt med styret på epost: hei@sfhk.no